07.11.2018 14:57:25 (Hanne Omvik)

Kraftsituasjonen veke 43 2018 

shutterstock_516137140(NVE) Høgare forbruk og likare prisar i Norden.



Kaldt vêr i Noreg og dei andre nordiske landa bidrog til en stor auke i kraftetterspurnaden i veke 43. Det nordiske forbruket gjekk opp med 11 prosent frå veka før.
I veke 43 var det høg vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige, spesielt i starten av veka. Dessutan gjekk tilgjengelegheiten på svenske og finske kjernekraft opp, og ligg no på nesten 100 prosent etter vedlikehaldsarbeid dei siste månadene. Meir produksjon frå vind- og kjernekraft bidrog til at nettoeksporten frå Noreg meir enn halverte seg frå veka før.

Kraftprisane i dei fleste elspotområda i Norden var relativt uendra frå veke 42 til veke 43. Unntaket var Vestlandet (NO5), der prisen auka frå 29 til 40 øre/kWh og Danmark, der prisen gjekk ned frå 57 til omtrent 40 øre/kWh. Prisforskjellen mellom den lågaste og høgaste vekesprisen i Norden blei redusert frå 28 øre/kWh til 5 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 her

Gå til startsiden
 
Klikk for Energi-sidene
 
 Søk

RSS nyheter

Eksterne linker

A/S Eidefoss - Postboks 160 - 2684 Vågå
Besøksadresse: Edvard Storms v 4
Firmapost@eidefoss.no - www.eidefoss.no

Telefon / Fax: 61 23 82 00 / 61 23 82 01
Feilmelding: 61 21 91 00
Org.nr: 911305631