25.05.2018 09:40:31 (Hanne Omvik)

Kraftsituasjonen veke 20 2018 

shutterstock_792849202Forbruket i Noreg var lågt i førre veke, noko som heng saman med dei høge temperaturane i landet og feiring av grunnlovsdagen. Samstundes ligg det no mindre snø igjen i fjellet og vassføringa gjekk ned i dei store vassdraga i Sør-Noreg.

Kraftproduksjonen frå dei andre nordiske landa gjekk ned grunna lågare vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark og vedlikehaldsarbeid i finske kjernekraftverk.

Auka behov for regulerbar kraft medverka til høgare kraftprisar i samlege av dei nordiske elspotområda. I snitt for veka gjekk den nordiske kraftprisen opp frå 24 til 32 øre/kWh, som er same nivå som prisen låg på i vekene før flaumen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 hos NVE (PDF)

Gå til startsiden
 
Klikk her for Om Oss forsiden
 
 Søk

Eksterne linker

A/S Eidefoss - Postboks 160 - 2684 Vågå
Besøksadresse: Edvard Storms v 4
Firmapost@eidefoss.no - www.eidefoss.no

Telefon / Fax: 61 23 82 00 / 61 23 82 01
Feilmelding: 61 21 91 00
Org.nr: 911305631