(NVE): Meir vindkraft og lågare forbruk  i Norden samanlikna med veka før bidrog til at gjennomsnittleg vekepris falt i dei fleste nordiske prisområda. Unntaket var dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2, NO5), kor vekeprisen var 206 øre/kWh, ein auke på 7 øre frå veka før. Auken i sør har blant anna si årsak i færre timar med flaskehals på kablane til kontinentet. Prisane i sør vart derfor oftare på nivå med kontinentet. Sørlege Noreg var nettoeksportør av kraft i veke 18. Det var likevel meir import enn eksport på kabelen til Storbritannia. Det er fyste gong med nettoimport over ei veke frå Storbritannia sia kabelen vart satt i drift.

Nord- og Midt-Noreg (NO4 og NO3) hadde framleis dei lågaste prisane i Norden, med ein vekepris på høvesvis 12 og 14 øre/kWh. Natt til laurdag var timeprisane i dei nordlege områda i Noreg (NO3 og NO4) og Sverige (SE1 og SE2) nede i 2 øre/kWh. Mykje vind, lågare forbruk og flaskehalsar mellom dei nordlege og sørlege prisområda bidrog til dei særs låge timeprisane.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 18 var fyllingsgrada i norske magasin 20,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 33,4 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,1 prosenteiningar. Medianen for veka er 2,1 prosenteiningar høgare enn for veka før. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 37,0 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 9,4 prosent.