(NVE): Kraftprisen auka i store deler av Europa førre veke. For dei sørlege prisområda (NO1, NO2, NO5) i Noreg vart vekesnittet 199 øre/kWh, ein auke på 38 øre samanlikna med veka før. Dette er den nest høgaste vekeprisen for desse prisområda så langt i år.  Prisauken har samanheng med høgare kraftprisar på kontinentet. Dette bidrog til ei auke i norsk vasskraftproduksjon og høgare nettoeksport enn veka før.

Dei nordlege prisområda i Sverige (SE1, SE2) og Midt-Noreg (NO3) hadde derimot ein nedgang i kraftprisane.  Auke i vindkraftproduksjon og fleire timar med flaskehalsar mellom nord og sør i Sverige bidrog til dette. For Midt-Noreg vart vekesnittet 27 øre/kWh, ein reduksjon på 25 øre. Nord-Noreg (NO4), som er mindre påverka av prisområda rundt, hadde eit tilnærma uendra vekesnitt på 15 øre/kWh.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 17 var fyllingsgrada i norske magasin 21,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 31,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,9 prosenteiningar. Nedgang i medianen for veka er 0,4 prosenteiningar.Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 38,0 prosent, mens Vest-Noreg (NO 5) hadde lågast fylling med 9,7 prosent.