NVE melder at strømprisane fall i dei nordlege prisområda i Norden (NO3, NO4, SE1 og SE2) førre veke. Høgare temperaturar og lågare forbruk, i tillegg til auka vindkraftproduksjon i Nord-Sverige, var viktige årsaker til prisnedgangen. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 45-47 øre/kWh og tilnærma uendra frå veka før. Nord på kontinentet auka prisane, blant anna grunna lågare fornybar kraftproduksjon. Trass høgare prisar på kontinentet var nettoeksporten frå sørlege Noreg lågare enn veka før.* Dette heng blant anna saman med at kabelen mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Storbritannia vart teke ut til planlagt vedlikehald på måndagen. Dette gav 1400 MW mindre utvekslingskapasitet mot Europa.

*NB: oduksjonsdata for Noreg manglar for 11.10-14.10. I denne perioden har vi nytta prognosetal. 

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.

 

Last ned appen