Noregs vassdrag- og energidirektorat: Dei siste fire vekene har det vore uvanleg låg kraftproduksjon i Nord-Noreg (NO4), og den fall ytterlegare førre veke. Det har ikkje vore ei veke med lågare kraftproduksjon sidan 2011. Høg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige (SE1 og SE2) medverka stort overskott av kraft i nord. Midt- og Nord-Noreg kunne difor halde produksjonen låg og dekke en større del av forbruket med import.

Prisskilnadane mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av Noreg auka ytterlegare førre veke. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var 62 øre/kWh, opp frå 45 øre/kWh veka før. Vekeprisane i resten av Noreg enda på mellom 26-27 øre/kWh, og endra seg lite frå førre veke. Låg vindkraftproduksjon bidrog til høgare prisar på Kontinentet, noko som smitta over på prisane i Sørvest-Noreg. Flaskehalsar i nettet mellom Sørvest-Noreg og resten av landet bidrog til å dempe effekten på prisane dei andre norske prisområda.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.