Noregs vassdrag- og energidirektorat: Det regna mykje i heile Noreg førre veke, spesielt i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) der det kom over tre gonger så mykje regn som vanleg. Dette har ført til at vassmagasina er fulle, noko som gjer det vanskelegare å regulere vasskrafta når det er mykje tilsig.

Høg produksjon av vindkraft i Norden og Nord-Europa bidrog til lågare straumprisar førre veke. Samla med høg solkraftproduksjon på dagtid, førte dette til negative prisar sjølv på vekedagar i Nord-Europa. Vekeprisen i dei norske prisområda var 4-5 øre/kWh, bortsett frå i Sørvest-Noreg (NO2) der prisen var 36 øre/kWh, ned frå 59 øre/kWh veka før. Alle prisområda i Norden, utanom Sørvest-Noreg (NO2) og Danmark (DK1 og DK2), hadde den lågaste vekeprisen så langt i år.

Låg fyllingsgrad i magasina, høg vassverdi og mykje vind i omkringliggjande prisområde bidrog til framleis låg vasskraftproduksjon i Nord-Noreg (NO4). Den låge produksjonen dei siste vekene har bidrege til ei forbetring i ressurssituasjonen.

 

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.