Kraftsituasjonen veke 48 2018
Reduksjon i nettoeksport frå Noreg. Det var mildare vêr i Noreg førre veke samanlikna med veka før, medan forbruket heldt seg stabilt.
Det var ei kraftig auke i svensk vindkraftproduksjon, noko som bidrog til lågare vasskraftproduksjon i Noreg. Også i Danmark auka produksjonen, hovudsakleg frå termiske varmekraftverk.
Auka i produksjon i resten av Skandinavia bidrog til at nettoeksporten ut frå Noreg vart redusert med over 200 GWh førre veke, samanlikna med veka før.