Bli med i kulissane i Eidefoss Vannkraft
Har du nokon gong lurt på korleis det er å jobbe med vasskraft? Få eit innblikk i Kristoffers spennande kvardag som lærling i energioperatørfaget. Sjå korleis han bidreg til å forme framtidas energi!
Bli kjend med Kristoffer
Kristoffer er ein blid, engasjert og flink lærling vi er glade for å ha med på kraftlaget, og vi treng fleire! Vi har ledig stilling som energioperatør no - ta ein titt og tips nokon du trur kan væra interessert!
Tittel: Lærling energioperatør
Fartstid: 1,5 år
Heimehøyrande: Dovre
Kva gjer du i Eidefoss?
Eg er lærling i Eidefoss Vannkraft. Vi driv med mykje forebyggjande vedlikehald av kraftstasjonar, rettar opp eventuelle feil og sørgjer for at alt fungerar som det skal i kraftproduksjonen.
Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Det eg likar best er at det er så mykje forskjellig arbeid. Det er alltid noko nytt å lære seg, og eg har trivelege kollegaer å arbeide saman med. Eg har vore med å skifta trafoar i kraftstasjon, dette var eit tungt og trongt arbeid som eg kjem til å hugse!
Ditt beste strømsparetips?
Det fyste sparetipset eg kjem på må væra å slå av ting du ikkje brukar. For eksempel slå av ljoset når du går ut av rommet.
Tilsette frå heile Gudbrandsdalen
Vi er stolte av våre talentfulle og engasjerte kraftkolleger. I Eidefoss har vi tilsette frå heile Gudbrandsdalen. Bli med bak kulissane og møt fleire av dei som held hjula gang.
SJÅ FLEIRE STILLINGAR I KONSERNET EIDEFOSS