Fire spørsmål, fire svar, fire kvardagsheltar
I Eidefoss har vi tilsette frå heile Gudbrandsdalen. Bli med bak kulissane og møt fire av dei som held hjula i gang!
Kristoffer
Tittel: Lærling energioperatør
Fartstid: 1,5 år
Heimehøyrande: Dovre
Kva gjer du i Eidefoss?
Eg er lærling i Eidefoss Vannkraft. Vi driv med mykje forebyggjande vedlikehald av kraftstasjonar, rettar opp eventuelle feil og sørgjer for at alt fungerar som det skal i kraftproduksjonen.
Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Det eg likar best er at det er så mykje forskjellig arbeid. Det er alltid noko nytt å lære seg, og eg har trivelege kollegaer å arbeide saman med. Eg har vore med å skifta trafoar i kraftstasjon, dette var eit tungt og trongt arbeid som eg kjem til å hugse.
Ditt beste strømsparetips?
Det fyste sparetipset eg kjem på må væra å slå av ting du ikkje brukar. For eksempel slå av ljoset når du går ut av rommet.
Planer for jula?
I jula skal eg slappe av og eta mykje god mat!
Joachim 
Tittel: Fibermontør
Fartstid: 6 år
Heimehøyrande: Utsprunget frå Skjåk, og bur i Vågå.
Kva gjer du i Eidefoss?
Eg driv med installasjon og vedlikehald av fiberkablar som brukast til høghastigheits internett og telekommunikasjon. Stutt sagt er fibermontøranes arbeid å sikre at vi alle har tilgang til kjapp og påliteleg internet. Dersom du likar å sjå på Netflix eller spele online spel, vil du merke forskjell på rask eller treig internet.
Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Eg likar best at det varierte arbeidsoppgaver og at vi har eit stort område å arbeide i (Norddalen). Eg er også glad eg har trivelege og flinke kollegaer i heile konsernet.
Ditt beste strømsparetips?
Mitt beste sparetips er å unngå å bruke alle hvitevarane på same tid. Dersom du jamnar ut forbruket vil du få lågare nettleige.
Planer for jula?
Eg skal tilbringe romjula på Lemonsjøen med familie og vennar. Kjøre på ski, gå på langrenn og ete god mat er eit must i jula!
Jørn Ola
Tittel: Fibermontør med ansvar for innkjøp og lagerstyring
Fartstid: 8,5 år
Heimhøyrande: Dovre
Kva gjer du i Eidefoss?
Eg er èin av seks som arbeidar saman i Eidefoss Fiber. Vi driv med installasjon og vedlikehald av fiberkablar, feilretting og kontrollmåling. I tillegg har eg ansvaret for at vi har riktig og nok materiell på lager.
Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Eg likar best dei trivelege kollegaene. Vi har også variert arbeid og får væra ute heile året. Sjølv om det er mange frysedagar om vinteren, så er premien å væra ute også i den varme årstida. Mange jobbturer høyt til fjells sommar som vinter er ofte spennende med tanke på vær og framkommelighet.
Ditt beste strømsparetips?
Det fyste eg kjem på er å byte ljospærar til LED og å sette inn varmepumpe i tillegg til vedfyring.
Planer for jula?
Væra saman med familie, eta god mat og slappe av. Eg håpar på godt skiføre slik at kroppen får litt trim.
Karin

Tittel: Controller
Fartstid: 3 månadar (nytilsett)
Heimehøyrande: Vågå
Kva gjer du i Eidefoss?
Eg arbeider i staben i morselskapet. Den fyrste tida har naturlegvis gått med til opplæring og besøk rundt omkring på dei ulike basane, og på fleire av kraftverka våre for å bli kjend. Det er mykje nytt for ei med fartstid i statleg sektor. I tillegg har eg fått høve til å «dykke» litt i data som Eidefoss har tilgjengeleg for å sjå om eg kan lage noko som fleire kan ha nytte av i arbeidskvardagen sin.
Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Til no har det vore spennande å sjå kva dei forskjellige arbeider med i konsernet, blant anna i kraftverka og på dei ulike basane til Fjellnett. Ikkje minst så har eg vorte kjent med mange trivelege folk som eg nå er kollega med.
Ditt beste strømsparetips?
Mitt strømsparetips er å investere i ein effektiv vedomn, saman med ei varmepumpe. Fyr opp huset med ved som du sjølv har kubba, kløyvd og plassert i vedboden. Vær bevisst på strømbruken din gjennom dagen.
Planer for jula?
Kalenderen i jula er stort sett tom, bortsett frå Romjulscuppen i Vågåhallen der eg skal væra tilskodar i år. Elles ønskjer eg å bruke jula til å væra med familie og vener og gå nokre fine turar både på føtene og på ski (viss det er føre til det).
Takk for at du tok deg tida til å lese om våre kraftkolleger i Eidefoss-konsernet. Vi er stolt av å ha så talentfulle, engasjerte og trivelege medarbeidarar!
Følg med på strømforbruket ditt i jula
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt. Visste du at også familiemedlemmar kan bruke appen?