Det melder NVE i sin siste rapport om kraftsituasjonen. I Søraust-, Vest- og Midt-Noreg (NO1, NO5 og NO3) auka derimot straumprisane. Dette skuldast at prisane var låge veka før på grunn av høg vasskraftproduksjon i samband med stormen Jakob. Noreg hadde likevel blant dei lågaste straumprisane i Nord-Europa. Nord-Noreg (NO4) hadde den lågaste vekeprisen på 5 øre/kWh. I Midt-Noreg var vekeprisen 12 øre/kWh, medan Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde ein vekepris på 48-55 øre/kWh. Til samanlikning låg vekesnittet i dei fleste land i Nord-Europa på mellom 130-144 øre/kWh.

Det var lågare nettoeksport frå Sør-Noreg samanlikna med veka før. Meir import frå Midt-Noreg og Sør-Sverige (SE3) var blant årsakene til dette. Norden totalt sett auka derimot nettoeksporten mot kontinentet grunna auka vindkraft, spesielt i Danmark og Sverige, samanlikna med veka før.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.