Gode Eidefoss-kunde,

Året som har gått har vore spesielt og rart for mange. Alle har vi fått kjenne på kva ein pandemi kan gjera med samfunnet. Den berømte "meter'n" har kome nærare innpå oss enn det vi likar. Nye, digitale hjelpemidlar er vel og bra, men dei greier ikkje å erstatte sosial omgang i lengda.

Stutt sagt så har samfunnsmaskineriet slite med å få alle tannhjula til å spela på lag.

Vi i Eidefoss merkar at fleire og fleire vert meir opptekne av lokal handel, og vi lever og åndar for at verdiane skal liggje att her oss bur. Det er derfor gledeleg å sjå at regional verdiskaping som gjev lokale ringverkningar og byggjer lokal stoltheit, vert meir og meir viktig for folk flest.

Då ser vi òg at fleire og fleire seier ja til stuttreist straum til heimen sin, hytta si eller bedrifta si.

Desse verdivala går hand i hand med det vi står for i Eidefoss, og vi er nå den einaste lokaleigde, landsdekkjande straumleverandøren i Gudbrandsdalen.

Eidefoss har prøvd konsernorganisering snart eitt år no, og snart kjem nettselskapet til å skifte namn. Rart å tenkje på, men det er nok best å vera lovlydig, og Eidefoss-namnet lever vidare som konsern-namn. Alt i alt er vi no godt rusta for å møte framtida.

2020 blir eit år vi kjem til å hugse lenge på mange måtar. Oppi alt saman må vi ikkje gløyme at vi lever i eit godt land, og Nord-Gudbrandsdalen er ein god plass å bu.

Med dette ynskjer vi deg ei riktig god jul saman med dei næraste, og med ljos og varme frå Eidefoss.

Og du, heilt til slutt: Hugs å halde god avstand ei stund til :-) 

Beste helsing Hans Ivar Kolden.