Det melder NVE i sin siste rapport om kraftsituasjonen. Nettoeksporten auka både frå dei sørlege og nordlege områda. Høgare kapasitet på kablane til kontinentet kan forklare noko av auken i nettoeksport frå Sørlege Noreg.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veka gjekk opp i dei sørlege områda i Noreg til 72, 82 og 59 øre/kWh i høvesvis Søraust-Noreg (NO1), Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5). I Midt- (NO3) og Nord-Noreg (NO4) fall kraftprisane til høvesvis 28 og 11 øre/kWh.

Onsdag 4. desember mellom kl. 09.00-10.00 fekk Sørvest-Noreg ein pris på 300 øre/kWh, som er den høgaste timeprisen for området så langt i år. I denne timen var det låg vindkraftproduksjon sør i Norden og nord på kontinentet, og høgt kraftforbruk i Sørlege Noreg. Samstundes var det tilstrekkeleg ledig kapasitet på kablane til at topplastverka som sette prisane på kontinentet også påverka prisane i Sørvest-Noreg. Slike situasjonar kan oppstå på kalde vinterdagar med høgt kraftforbruk.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.