Noregs vassdrag- og energidirektorat: Kraftprisane fall i store deler av Nord-Europa førre veke. Høg vindkraftproduksjon for årstida i Norden og mykje solkraftproduksjon på kontinentet bidrog til lågare prisar. I helga ga samanfall mellom lågare forbruk og høg uregulerbar produksjon fleire timar med null- og negative kraftprisar. Midt og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde ingen timar med kraftpris over 4 øre/kWh i løpet av helga. Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) hadde ein kraftpris på -71 øre/kWh mellom kl. 13 og 14 på søndag. Aldri før ha det vore så låg kraftpris i Noreg. Sørvest-Noreg hadde ein vekepris på 43 øre/kWh. Dette var om lag dobbelt så høgt som resten av dei norske prisområda, som hadde ein vekepris på 16-20 øre/kWh.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.