Nytt frå NVE: Sist veke fall det nordiske kraftforbruket som følgje av varmare vêr og planlagt vedlikehald ved fleire større industrianlegg i Finland. Den nordiske kraftproduksjonen gjekk også ned, men ikkje like mykje som forbruket. Mykje vind nord i Norden bidrog til høg vindkraftproduksjon og lågare produksjon frå vasskraftverka med magasin i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka produksjonen frå veka før. Her gjekk vindkraftproduksjonen ned, medan produksjonen frå vasskraftverk med magasin gjekk opp. Noreg hadde nettoeksport av kraft for veka samla. Gjennomsnittsprisane for veka blei 29 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg, 45-46 øre/kWh i Søraust-Noreg og Vest-Noreg (NO1 og NO5), og 61 øre/kWh i Sørvest-Noreg (NO2).

Klokka 21-22 måndag 17. juni hadde Søraust-Noreg den høgaste timeprisen så langt i år på 218 øre/kWh. Dette var på nivå med prisane på kontinentet. Her gjekk prisane opp i kveldstimane då sol- og vindkraftproduksjonen minka, samstundes som forbruket framleis var høgt. I helga sist veke hadde dei norske prisområda låge prisar midt på dagen både laurdag og sundag i timar med høg solkraftproduksjon på kontinentet. Søraust-Noreg og Sørvest-Noreg var nede i 0 øre/kWh på det lågaste begge dagar. Sundagen hadde dei norske prisområda, unnateke Vest-Noreg, fleire timar med prisar på rundt 0 øre/kWh.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.