Sist veke bidrog mildt vêr til at strømforbruket gjekk ned i store delar av Norden. Lågare vindkraftproduksjon, særleg i dei sørlege delane av Norden, medverka til at samla strømproduksjon i Norden gjekk ned. Trass nedgangen i produksjon frå veka før, var produksjonen i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) høg nok til at Noreg noterte høgaste produksjon for veke 5 nokon gong. Produksjonen fall meir enn forbruket, slik at nettoeksporten frå Noreg og Norden gjekk ned.

Gjennomsnittlege strømprisar for veka vart 7 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4), 28 øre/kWh i Midt-Noreg (NO3), 74 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5) og høvesvis 91 og 93 øre/kWh i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Dette var lågare enn veka før i heile landet. Framleis høg magasinfylling i Midt- og Nord-Noreg medverka til at prisane her vart lågare enn i områda lenger sør. På tysdagen, då Norden hadde låg vindkraftproduksjon, auka prisane i Midt-Noreg til nivå med prisane i Sørlege Noreg på dagtid. Midt-Noreg hadde også litt høgare prisar på dagtid onsdag og torsdag, blant anna grunna lågare vindkraftproduksjon og aukande forbruk, men då heldt prisane seg under nivåa lenger sør.

Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 4.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.