Mildt vêr og lågare strømprisar i slutten av 2024

Dei siste to vekene av 2024 var prega av mildt vêr og lågare strømprisar i Norge. Høgare vassføring bidrog til framleis høg kraftproduksjon utan at vassmagasina gjekk for mykje ned.
Det melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen dei to siste vekane i 2024. Vêret var mildt, og strømforbruket var lågt. Samstundes var det meir vatn i elvane enn vanleg for årstida, noko som førte til høg kraftproduksjon i store delar av landet utan at vassmagasina vart mykje tømde.
Strømprisane i Norge gjekk ned samanlikna med veke 50. I Sør-Norge (områda NO1, NO2 og NO5) var strømprisane mellom 29 og 33 øre per kWh i veke 51, og mellom 33 og 41 øre per kWh i veke 52. På kontinentet var prisane høgare enn i Norden, mellom anna på grunn av periodar med låg vindkraftproduksjon. Dette førte til at Norge og Norden eksporterte meir straum i veke 51 og 52.
Strømprisane var framleis lågare i dei nordlege områda enn i sør. I Midt-Norge var strømprisen høvesvis 15 og 9 øre per kWh i veke 51 og 52, medan den var 10 og 5 øre per kWh i Nord-Norge i dei to siste vekene av året.
Vassmagasinstatus
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Strømprisindeks
Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.
Få full oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.