JohnJohn Myrum.

Tittel: Driftsformann i Fjellnett AS
Fartstid: 32,5 år
Heimehøyrande: Sel

Beskriv din typiske arbeidskvardag?
Eg har ansvaret for montørar og skogryddarar på Dombåsbasa, og sørgjer for at dei har ein trygg arbeidsdag og fordeler arbeidsoppgåver og ordrar. Eg prøver å legge til rette for at dei får ein meiningsfull kvardag og utnyttar arbeidsdagen best mogleg. Eg held utstyr og køyretøy i orden til ei kvar tid, og sørgjer for at lageret er ryddig og at vi har det vi treng. Eg planlegg små jobbar og hjelper planleggjarane i Vågå med synfaringar, avtalar med grunneigarar og styring av prosjekt. Akkurat no kontrollerar eg fallsikringsutstyr for heile konsernet og registrerer dette i ein ny database vi har tatt i bruk.

Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Det eg likar best er å få jobbe saman med så mange flinke folk og gode kollegaer. Eg trivst godt med at kvardagen består av så varierte arbeidsoppgåver, og ikkje minst at eg får reise over eit stort geografisk område. Det er fint å ha ein jobb der ein kan vere både inne og ute.

Ditt beste strømsparetips? 
Mitt beste sparetips er å bruke varmepumpe til oppvarming, og ellers slå av ljos og varme i dei romma du ikkje brukar. 

Kva gjer du på fritida?
Mykje av fritida går med til oppussing og å halde hus og heim i orden. Eg hjelper mine to barn med diverse oppgåver der det trengs. Eg er så heldig å vere bestefar til Aksel på 1,5 år, som eg tilbringer mye tid saman med. Eg likar å vere saman med familie og venner.

Planer for påska? 
Det blir hyttepåske på Høvringen.

 

Svein GauteSvein gaute Storlien.

Tittel: Regnskapssjef i AS Eidefoss
Fartstid: 4,5 år
Heimehøyrande: Utsprunget frå Skjåk, og bur i Vågå.

Beskriv din typiske arbeidskvardag?
Til dagleg jobbar eg saman med tre andre medarbeidarar med å lage og rapportere rekneskap for alle selskapa i konsernet. Gjennom året rapporterer vi perioderekneskap til leiinga og styret i dei ulike selskapa, og akkurat no er vi i sluttfasen med å ferdigstille årsrekneskapa for 2024. Vi samarbeider tett med alle selskapa i konsernet og hjelper til med å løyse økonomirelaterte problemstillingar, analysere data og lage ulike typar rapportar.

Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
I Eidefoss jobbar eg saman med mange hyggelege og dyktige kollegaer. I tillegg er det ein arbeidsplass som gir meg faglege utfordringar, og energibransjen er også veldig interessant å vere ein del av.

Ditt beste strømsparetips? 
Mitt beste sparetips er å unngå å bruke alle hvitevarane på same tid. Dersom du jamnar ut forbruket vil du få lågare nettleige.

Kva gjer du på fritida?
På fritida blir det ofte turar saman med familien.

Planer for påska? 
Vi har foreløpig ikkje så mange planar, men eg håper skiføret held seg slik at det blir moglegheit for ein skitur.

 

IdaIda Moldrem Aasheim.

Tittel: Salg- og markedskonsulent i Eidefoss Strøm AS
Fartstid: 8 år
Heimhøyrande: Vågå

Beskriv din typiske arbeidskvardag?
Eg har ein variert og spennande arbeidskvardag der mykje av tida går med på prosjektarbeid. Akkurat no arbeider eg med byte av KIS-system (kundeinformasjonssystem). Eg har også ansvaret for at IT-systemane og kundekommunikasjonen fungerar som det skal, slik at vi har effektiv drift gjennom heile kundereisa. Ein del av jobben min er planlegging og gjennomføring av marknadskampanjar for å nå ut til nye kundar og styrke merkevara vår. Eg har aldri ein kjedeleg dag på jobben!

Kva likar du best med å arbeide i Eidefoss?
Det eg likar best med jobben min er variasjonen og mogleheita til å arbeide med forskjellige prosjekt. Eg set også stor pris på kundekommunikasjonen, noko som gjer at både eg og resten av teamet får ein nær relasjon til kundane våre. I tillegg til dette har eg mange "luggume" kolleger eg kan spørje om alt. At takhøgda i selskapet er stor er noko eg set stor pris på.

Ditt beste strømsparetips? 
Luft rommet raskt og effektivt ved å opne vindauga heilt opp i stutte periodar i staden for å ha dei på gløtt over lengre tid. Dette forhindrar varmetap og held innetemperaturen stabil.

Kva gjer du på fritida?
Eg er ein sosial person, så helst så er eg saman med familie og venar på fritida. I tillegg brukar eg mykje tid på fritidsaktivitetane til ungane. Det å bidra til fellesskapet og å støtte opp om positive miljø for ungane er noko eg set høgt. 
Ved ledige stundar er eg veldig glad i nærturar i lokalområdet, og i kortspel.

Planer for påska? 
Skiføret ser dessverre dårleg ut for påska i år, så det spørs om det blir ei heimepåske med diverse hagearbeid.

 

Bli kjent med fleire i Eidefoss

Fire hverdagshelter.

Det er mange tilsette i Eidefoss-konsernet som sørgjer for at du får strømmen heilt heim til deg. Alle desse arbeider i forskjellige selskap som alle er datterselskap under AS Eidefoss. Bruk eit minutt eller to på å bli betre kjent med oss!


Følg med på strømforbruket ditt i påska

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt. Visste du at også familiemedlemmar kan bruke appen?

 

Sjekk ut appen banner.