(NVE): Mildt vêr bidrog til lågt forbruk i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) førre veke. Forbruket i alle dei tre sørlege prisområda var lågare enn i tilsvarande veke dei siste fem åra. Også produksjonen var låg for årstida i desse områda.

Mykje vind og mildt vêr gav lågare kraftprisar på kontinentet, og bidrog til at sørlege Noreg importerte kraft på fleire av overføringsforbindingane til utlandet. Dermed kunne produksjonen vere lågare enn eige forbruk. Låg nettoeksport frå Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) bidrog til at Noreg samla var nettoimportør av kraft førre veke. Magasinfyllinga i sørlege Noreg minka med 0,8 prosenteiningar frå veka før og ligg no 5 prosenteiningar under medianen.

I Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) var vekesprisen 100 øre/kWh, medan den i Vest-Noreg (NO5) var 110 øre/kWh. Trass ein nedgang frå veka før, var vekeprisane i sørlege Noreg dei høgaste i Norden. Midt- og Nord-Noreg hadde ein snittpris på høvesvis 75 og 40 øre/kWh over veka.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.