(NVE): Vasskraftproduksjonen i Noreg gjekk opp førre veke, men den er enno låg for årstida sett opp mot dei ti siste åra. Auka for Noreg samla var på 17 prosent, medan endringa var størst for Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5) med høvesvis 32 og 30 prosent. Forbruket i Noreg gjekk også opp, men ikkje like mykje som produksjonen, og etter seks veker i rad med nettoimport, var Noreg nettoeksportør av kraft førre veke. Bakgrunnen for dette var lågare vindkraftproduksjon i både Norden og Tyskland, og redusert overføringskapasitet mellom Sverige og kontinentet grunna planlagt vedlikehald.

Kraftprisen auka i dei tre prisområda i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) førre veke og vekeprisen var på om lag 175 øre/kWh. Også på kontinentet auka prisane, medan dei i Sør-Sverige hell seg på same nivå som veka før. Ein viktig årsak til dei låge prisane sør i Sverige, var den reduserte kapasiteten for overføringane mot Danmark og Tyskland. I Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) gjekk prisane ned, og områda hadde ein vekepris på litt over 15 øre/kWh.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapportering fra produsentene for veke 41 2022 (PDF, 78KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 75,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 82,0 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,6 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 88,3 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 62,4 prosent.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.