(NVE): Periodar med mykje vindkraft og lågare kraftprisar nord på kontinentet, bidrog til import og lågare kraftpris i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i starten av førre veke og i helga. Kraftprisen var i snitt 104 øre/kWh i dei sørlege områda over veka. Midt-Noreg (NO3) hadde enkelte timar med kraftpris opp mot 200 øre/kWh på tysdagen, då det var særs låg vindkraftproduksjon i alle dei nordlege prisområda i Norden.

Prisen i Midt-Noreg var då høgare enn i sørlege Noreg. Timane med låg vindkraftproduksjon ga høge nord-svenske kraftprisar som smitta over på prisane i Midt-Noreg. I desse timane var det ikkje nok regulerbar kraftproduksjon tilgjengeleg til å oppretthalde ein lågare kraftpris i Midt-Noreg.

Kaldare vêr bidrog til høgare forbruk enn veka før. Auka var størst i Midt- og Nord-Noreg, og forbruket var høgt samanlikna med tilsvarande veke dei siste fem åra. Kraftproduksjonen i Noreg fall meir enn forbruket og nettoeksporten over veka var om lag 200 GWh lågare enn veka før.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.