NVE: Forrige veke auka straumprisane i heile Norden. I Sørvest-Noreg (NO2) var det ingen stor endring, men i resten av landet (NO1, NO3, NO4 og NO5) steig prisane frå 7-9 øre per kWh til 19-25 øre per kWh. Ein viktig grunn til prisauken var at det vart produsert mindre vindkraft i Norden.

Totalt sett vart det produsert mindre straum i Noreg forrige veke, hovudsakleg på grunn av mindre vindkraftproduksjon i Sørvest- og Midt-Noreg (NO2 og NO3). Sjølv om den totale straumproduksjonen gjekk ned, auka produksjonen frå vasskraftverk som kan regulerast. Denne auken var størst i Nord-Noreg (NO4), som har hatt låg vasskraftproduksjon over lengre tid. Den regulerbare vasskraftproduksjonen bidrog spesielt i periodar med høge straumprisar.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.