Strømmarkedet i veke 39

Auka forbruk og mindre forskjellar på strømprisane i sør.
NVE melder at lågare temperaturar bidrog til at kraftforbruket auka i alle dei norske prisområda i førre veka. Samstundes gjekk samla produksjon i Noreg ned, noko som gav ein nedgang i norsk nettoeksport.
I Nord-Noreg (NO4) var det ei auke i vasskraftproduksjonen. Ikkje sidan veke 24 har Nord-Noreg hatt høgare vasskraftproduksjon. Likevel auka nettoimporten frå Nord-Sverige (SE1 og SE2) samanlikna med veka før. Eit høgt kraftoverskot i Nord-Sverige gav gode moglegheiter for import til låge priser. Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda på om lag 20 øre/kWh.
Prisskilnadane mellom områda i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) gjekk noko ned samanlikna med vekene før. Fleire faktorar har bidrege til dette. Det har vore avgrensa overføringskapasitet på NordLink-kabelen mellom Sørvest-Noreg og Tyskland, noko som ga mindre prissmitte til kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2). Mindre tilsig dei siste vekene har gitt større fleksibilitet i vasskraftproduksjonen i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) og produsentane har hatt større moglegheit å redusera produksjon når prisane var låge. Kraftprisen i Sørvest-Noreg var 38 øre/kWh, medan vekeprisen i Søraust- og Vest-Noreg var på om lag 23 øre/kWh.
NB: Det er manglar i datagrunnlaget for Danmark 27.-29 oktober. Somme tabellar og figurar i rapporten er påverka av manglane.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.
Følg med på strømforbruket ditt
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.