NVE melder at lågare temperaturar i store deler av Norden bidrog til ei auke i strømforbruket førre veke. I tillegg var det mindre vindkraftproduksjon og framleis relativt låg kjernekraftproduksjon i Sverige og Finland. Desse forholda bidrog til at kraftprisane auka i Norden samanlikna med veka før. Høgare kraftprisar bidrog til høgare produksjon frå vasskraftverk med magasin. Med høgare prisar i Noreg blei prisskilnadene mellom Sørvest-Noreg (NO2) og resten av sørlege Noreg lågare enn det har vore på fleire veker. Vekeprisane enda på 49-54 øre/kWh i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), 33 øre/kWh i Midt-Noreg (NO3) og 25 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4).

Det siste halvåret har Nord-Noreg hatt lågare kraftproduksjon enn tilfelle dei siste 5 åra. Noko av forklaringa på dette har vore ein svak ressurssituasjon samtidig som området kunne importere billig kraft frå Nord-Sverige (SE1 og SE2). Høgare kraftforbruk og -prisar bidrog til at Nord-Noreg hadde den høgaste produksjonen over ei veke sidan april.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.