Strømmarkedet i veke 41
Høg vindkraftproduksjon bidrog til lågare strømprisar.
NVE melder at strømforbruket gjekk opp i heile Noreg i førre veke, blant anna grunna lågare temperaturar. Trass auka forbruk, gjekk dei norske kraftprisane ned. Lågare kraftprisar i Nord-Europa grunna høg vindkraftproduksjon, særleg mot slutten av veka, bidrog til nedgangen. Feil og vedlikehald på fleire av mellomlandskablane avgrensa kraftutvekslinga mellom Noreg og kontinentet. Gjennomsnittlege kraftprisar for veka var 43-46 øre/kWh i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og 19-20 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).
Natt til sundag vart det samanfall av lågt kraftforbruk og høg vindkraftproduksjon. Dette medverka til at ein fekk prisar rundt null gjennom natta i store delar av Norden og Nord-Europa. Vest-Noreg (NO5) og Midt- og Nord-Noreg hadde i same periode litt høgare kraftprisar og full import frå naboområda.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.
Følg med på strømforbruket ditt
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.