Strømprisane fall i store delar av Norden førre veke (43)
Mykje tilsig og vind bidrog til prisnedgang i store delar av Norden. Les meir i vekas kraftsituasjonsrapport.
Det melder NVE i sin siste rapport om kraftsituasjonen. Det var framleis mildt for årstida i Noreg, og forbruket var tilnærma uendra frå veka før. Samstundes var det meir vind og tilsig som ga høgare uregulerbar kraftproduksjon. I dei nordlegaste prisområda (NO3, NO4, SE1 og SE2) var det ingen timar med kraftpris over 10 øre/kWh i førre veke og vekesprisen enda på 2 øre/kWh. I Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) enda vekeprisen på 27 øre/kWh og var om lag 40 prosent lågare enn veka før. Sørvest-Noreg (NO2) hadde den høgaste prisen i Noreg på 46 øre/kWh, og prisen var tilnærma uendra frå veka før. Lågare vind- og solkraftproduksjon i Danmark og nord på kontinentet bidrog til høgare kraftprisar der, og høgare nettoeksport frå Sørvest-Noreg.
Vassmagasinstatistikk
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Du kan følge med på priser og forbruk
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.