NVE: Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen 28 øre/kWh og tilnærma uendra frå veka før. Kraftproduksjonen i Nord-Noreg fall med 15 prosent frå veka før og var låg samanlikna med historikken. Dei siste ti åra har det har berre vore tre veker med lågare produksjon i Nord-Noreg. Nedgangen i produksjonen bidrog til høgare import frå Nord-Sverige enn veka før.

Kraftprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka førre veke og var i snitt mellom 36-40 øre/kWh. Lågare vindkraftproduksjon sør i Norden og nord på kontinentet var blant årsakene til auken. Nettoeksporten frå sørlege Noreg vart dobla frå veka før til om lag 630 GWh. Flaskehalsar på kablane til kontinentet og Storbritannia store deler av veka bidrog til at prisane i sørlege Noreg var om lag halvparten av vekeprisane nord på kontinentet.

NB: Det er manglar i datagrunnlaget for Finland 12.07 og 13.07. Vi er i kontakt med vår leverandør av data for å undersøke dette. Enkelte tabellar og figurar i rapporten er påverka av dette

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

Data for kraftsituasjonen

NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

 

Følg med på strømforbruket ditt

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen banner.