Strømsituasjonen i veke 35
Framleis låge strømprisar i store delar av Norge.
Noregs vassdrag- og energidirektorat: Det var framleis særs låge kraftprisar i store delar av Norden førre veke. Vest-Noreg (NO5) hadde den lågaste vekesprisen i Noreg på 4 øre/kWh og var det einaste området som hadde ein nedgang i kraftprisen. Høg fyllingsgrad og tilsig over normalen i Vest-Noreg gjorde vasskrafta mindre fleksibel. Då må vasskraftprodusentane produsere for å få ut vatn. Saman med lågare tilgjengeleg utvekslingskapasitet grunna vedlikehaldsarbeid bidrog dette til fleira timar med flaskehalsar i nettet. Vest-Noreg hadde difor fleire timar med den lågaste prisen i Noreg gjennom veka.
Søraust-, Midt-, og Nord-Noreg (NO1, NO3 og NO4) hadde ein vekepris på 7 øre/kWh, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde ein vekepris på 44 øre/kWh. Lågare fornybarproduksjon og høgare termisk kraftproduksjon nord på kontinentet bidrog til ein auke i kraftprisane på over 50 prosent samanlikna med veka før. Det bidrog til høgare produksjon og nettoeksport frå sørlege Noreg enn veka før. Vekeprisane nord på kontinentet var om lag 100 øre/kWh og over dobbelt så høge som i Sørvest-Noreg.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.
Følg med på strømforbruket ditt
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.