Strømsituasjonen i veke 36
Mindre vindkraftproduksjon ga høgare strømprisar.
Noregs vassdrag- og energidirektorat: Dei nordiske kraftprisane auka førre veke. Høg magasinfylling og flaskehalsar i kraftoverføringa til kontinentet og Storbritannia bidrog til at prisnivået likevel heldt seg lågt. Kraftprisane i Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var høgast i første halvdel av veka. Låg vindkraftproduksjon og tidvis høge prisar i Nord-Europa bidrog til å løfte dei sørnorske prisane noko opp. Gjennomsnittsprisen for veka enda på 50 øre/kWh i Sørvest-Noreg (NO2), medan prisane i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) vart halvparten så høge. Siste halvdel av veka tok vindkraftproduksjonen seg opp. Desse dagane fekk kontinentet prisar rundt null i timane med mest sol. I desse timane førte import frå kontinentet til lågare prisar i Noreg, særleg i dei sørlege områda.
Magasinfyllinga i mange av magasina i Søraust-Noreg (NO1) er høg. Dette området fekk mykje nedbør i førre veke, og det er venta mykje nedbør i inneverande veke. Det gav høg vasskraftproduksjon gjennom heile veka, og bidrog til at kraftprisen vart lågare mot slutten av veka.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.
Følg med på strømforbruket ditt
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.