For å setja tal på verdiane som kjem lokalsamfunnet til del, kan nemnast: Etter at selskapet vart interkommunalt med lik andel for alle eigarkommunane, har det vore gjeve årlege utbyte. Første året var i 1993. Til å begynne med var det moderate tal, men ettersom soliditeten i Eidefoss har auka, har også utbyta auka.

Berre i tidsrommet frå 2005 til 2015 har Eidefoss bidrege med 470 millionar kroner i utbyte til dei fem eigarkommunane, det vil seia 47 millionar årleg i gjennomsnitt. I tillegg kjem eigedomsskatt med cirka 8 millionar årleg.

Konsesjonskrafta frå Eidefoss har ein nettoverdi for kommunane på om lag fem millionar årleg ved ein kraftpris på 30 øre/kWh. Kraftprisen varierer sjølvsagt, men grovt set kan vi seia at konsesjonskrafta frå Eidefoss på 28 GWh har hatt ein verdi på rundt 50 millionar kroner sidan 2005. I tillegg til alt dette kjem andre skattar (som naturressursskatt og overskotsskatt) og avgifter som blir betalte av selskapet. For å få eit fullstendig reknestykke på kva Eidefoss bidreg med i samfunnet, lyt vi sjølvsagt også ta med den skatten alle tilsette bidreg med til fellesskapet.

Men ringverknadene er nok enda større enn som så. A/S Eidefoss kjøper årleg varer og tenester frå lokale leverandørar til rundt 10 millionar kroner. «Så langt det let seg gjera kjøper vi varer og tenester i eigen region», seier administrerande direktør Hans Ivar Kolden. Selskapet er også opptekne av å støtte opp om frivillig verksemd gjennom årleg sponsing av lag- og organisasjonar med rundt rekna ein halv million.

Utbytepolitikken lyt naturlegvis heile tida sjåast i samanheng med resultatet i selskapet. Dei siste åra har det vore fleire store utbyggingar som har kravd kapital. I tillegg kjem andre investeringar. Det er nødvendig for selskapet å ha god eigenkapital i botnen, mellom anna for å oppnå gunstige lånevilkår. For å få eit langsiktig oversyn har utbyteregimet gått over ein treårs-periode.

”Eg kan ikkje sjå andre som har hatt meir å seia for utviklinga i distriktet vårt enn det Eidefoss har”, seier styreleiar Per Dag Hole. Han har vore med i styret i Eidefoss i 15 år, dei siste åtte av dei som styreleiar. Han har også vore ordførar i Lesja i 12 år. ”Den lokale tilknytinga er av avgjerande betydning”, seier han.

Korleis ekstramidlane frå Eidefoss blir brukte, kan nok variere noko frå kommune til kommune, og også over tid. Helst har dei søkt å bruke dei til næringsformål, men samtidig er det freistande la delar av midlane gå inn i den store potten vi kan kalle drift. ”Utbytet fnansierer drift og investeringar og gjev oss moglegheit til å halde oppe kvalitet og omfang på tenester og fnansiere tiltak og prosjekt på eit høgare nivå”, seier Selordførar Dag Erik Pryhn. ”Renteinntektene frå det ansvarlege lånet på 30 millionar kroner (150 frå alle eigarane til saman) blir lagt i Utviklingsfondet. Det betyr finansiering av ulike typar utviklingsarbeid i kommunal regi eller som tilskot til næringsliv”. ”Det gjev oss moglegheit til å yte enda betre tenester og satse på næringsutvikling og andre samfunnsutviklingstiltak”, seier Vågåordførar Iselin Jonassen.