Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at Norden førre veke var prega av veldig låge temperaturar, spesielt mot slutten av veka. Fredagen hadde fleire område i Søraust-Noreg (NO1) den kaldaste dagen sidan 1987. Dette bidrog til det høgaste dagsforbruket i Noreg sidan februar 2021. Fleire områdar i Finland og Nord-Sverige (SE1 og SE2) hadde temperaturar under -30 gradar, som bidrog til høg etterspurnad og høge prisar. Sjølv om Finland hadde full kjernekraftproduksjon, og mykje kol- , gass- og vindkraftproduksjon, var dei avhengig av å importere kraft frå Sverige og Estland for å dekke etterspurnaden.  

Mellom Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5) var det ingen handel av kraft  i spot-marknaden i veke 1. I følgje Statnett kjem dette av ugunstige lastforhold på vestkysten av Noreg. Same forklaring vart også nytta for å redusere importkapasiteten frå England. 

Dei låge temperaturane bidrog til særs høge prisar i Noreg. På fredag kl. 17 hadde Søraust-, Vest- og Midt-Noreg (NO1, NO5 og NO3) ein kraftpris på 593 øre/kWh.  Grunna avgrensingar i overføringskapasiteten hadde Sørvest-Noreg og Nord-Noreg (NO2 og NO4) ein timepris på høvesvis 118 og 67 øre/kWh på same tidpunkt, noko som var dei lågaste prisene i Nord-Europa. Trass i låge temperaturar vart det ikkje ny effektrekord i Noreg. Høgaste forbruket en enkeltime vart 24 930 MWh, 300 MWh lågare enn rekorden 25 230 MWh.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner