Kraftkommentaren veke 7
Mildare vêr og lågare strømprisar.
Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at det milde vêret i førre veke bidrog til lågare forbruk i store delar av Norden. Kraftproduksjonen heldt seg på tilnærma same nivå som veka før og bidrog til auka nettoeksport frå Norden. Det var nedgang i kraftprisane i heile Norden. Nedgangen var størst i dei områda med høgast vindkraftproduksjon; dei nordlege delane av Sverige og Noreg, og i Finland. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisen på høvesvis 55 og 50 øre/kWh.
Prisnedgangen sør i Norden og på kontinentet var ikkje like stor som i nord. Ein av grunnane var lågare vindkraftproduksjon i desse områdane, enn veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på 72 øre/kWh, som var på nivå med kontinentet.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Få oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.