Noregs vassdrags- og energidirektorat: I starten av førre veke hadde store delar av Noreg den kaldaste gjennomsnittlege temperaturen over ein dag hittil i 2023. Dette bidrog til særs høgt forbruk i hele Noreg. Gjennom veka var det periodar med flaskehalsar internt i det sørlege Noreg. I desse timane vart prisane lågare i Sørvest- og Vest-Noreg (NO2 og NO5), enn i resten landet. Tysdag mellom kl. 8 og 9 hadde Søraust-, Midt- og Nord-Noreg (NO1, NO3, NO4) dei dyraste straumprisar i Nord Europa på 387 øre/kWh. Dette var den høgaste timepris i Nord-Noreg sidan desember i fjor. Nord-Noreg hadde likevel den lågaste vekeprisen i Norden, på 116 øre/kWh. Resten av Noreg hadde vekeprisar mellom 121 og 133 øre/kWh.

Det var lite vindkraftproduksjon i Sverige og Finland, men på kontinentet var produksjonen normal for denne tida på året. Dette bidrog til å dekkje noko av auka i kraftforbruket i sørlege Noreg. Storbritannia hadde den høgaste vindkraftproduksjonen over ein veke sidan januar i år, og på torsdag var det ein lang periode med import til Noreg. Sørlege Noreg og Norden hadde netto import over veka som var for første gang i Norden i år.

 

Statistikk vassmagasin

 Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner