Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at etter fleire veker med kaldt og tørt vêr låg temperaturane nærare normalen for veke 50. Noreg fekk noko meir tilsig frå regn og snøsmelting enn føregåande veker. Forbruket i heile Norden gjekk ned.

I fyrste del av veka var det låg vindkraftproduksjon i Norden, og særleg i nord. Det bidrog til timar med høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg tysdag og torsdag, enn i sørlege Noreg. I sørlege Noreg var det import frå Nederland og England som bidrog til at prisane ikkje var like høge som i Midt- og Nord-Noreg i same periode. I helga var forbruket lågt i Norden, samtidig som vindkraftproduksjonen var høg. Dette gjorde at kraftprisane falt mykje i heile Norden. Sverige hadde ein gjennomsnittspris nede i 5 øre/kWh søndag. I Midt- og Nord Noreg var det òg timespris ned i 3 øre/kWh natt til søndag. 

Gass- og CO2-prisen har gått ned dei siste vekene. Saman med mildare temperaturar og høg vindkraftproduksjon har det bidratt til at kraftprisane har gått noko ned òg på kontinentet. Vekesprisane for kraft for veke 50 var likare mellom Norden og kontinentet enn veka før. I dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) var vekesprisen 97 øre/kWh, i Midt-Noreg (NO3) 82 øre/kWh og 76 øre/kWh i Nord-Noreg (NO4).

 

Statistikk vassmagasin

 Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner