Noregs vassdrags- og energidirektorat melder at dei siste to vekene av 2023 var prega av mykje vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar  i Nord-Europa. I Tyskland og Storbritannia var veke 51 og 52 blant vekene med høgast vindkraftproduksjon i 2023. Saman med lågare forbruk grunna juleferie, bidrog dette til mange timar med nullprisar og negative prisar på kontinentet og mykje import til sørlege Noreg. Det var nettoimport til Noreg i både veke 51 og 52.

Det var prisfall i heile Nord-Europa frå veke 50 til 51. I veke 52 gjekk prisane ytterlegare ned på kontinentet, medan dei auka noko i dei norske prisområda. Dette har blant anna si årsak i at fleire norske vasskraftprodusentar valde å spare på vatnet til seinare i vinter, da kraftprisane forventast å vere høgare. Kraftprisane i sørlege Noreg var dei høgaste i Nord-Europa i veke 52. Prisen var 63 øre/kWh i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) og 68 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5).

Fredag i veke 52 vart forbindinga mellom Danmark (DK1) og Storbritannia, VikingLink, offisielt satt i drift. Forbindinga har ein installert kapasitet på 1400  MW, men vil i starten bli drifta på 800 MW.

Statistikk vassmagasin

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.

 

Få oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Sjekk ut app.

Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

 

 

banner