Kraftsituasjonen i veke 18
Høge temperatuar, lågt forbruk og lågare strømprisar.
Noregs- vassdrag og energidirektorat melder at det var varmt for årstida i Norden førre veke, og varmare enn veka før. Saman med at 1.mai var ein fridag, bidrog dette til lågare kraftforbruk enn veka før. Auka temperatur bidrog til auka snøsmelting og høgare uregulerbar vasskraftproduksjon i Noreg og Sverige. Snøsmeltinga gav også ein auke i fyllingsgrada i store delar av landet. Desse faktorane bidrog til lågare kraftpris enn veka før og auka insentiv for vasskraftprodusentar med magasin til å spare på vatnet. Dette var spesielt tydeleg i Vest-Noreg (NO5), som hadde den lågaste kraftproduksjonen blant alle prisområda, og den lågaste kraftproduksjonen så langt i år.
Tidvis mykje fornybar kraftproduksjon bidrog til stor variasjon i dei kontinentale kraftprisane førre veke. Til dømes hadde Nederland 1. mai ein kraftpris på -236 øre/kWh kl. 14:00, samstundes som kraftprisen var 154 øre/kWh kl. 20:00.
Magasinfyllinga i Nord-Noreg (NO4) fall med 0,7 prosentpoeng til 20,8 prosent førre veke. Dette er 15,7 prosenteininga lågare enn historisk median og er på det lågaste nivået dei siste 20 åra. Lite tilsig gjennom 2023 og vinteren er mellom anna årsaka til den relativt låge magasinfyllinga. Sidan Nord-Noreg er eit prisområde med høgt kraftoverskot og mykje vindkraftkapasitet installert i omkringliggande prisområda, vurderer vi ikkje ressurssituasjonen i Nord-Noreg som utfordrande.
Statistikk vassmagasin
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.
Følg med på strømforbruket ditt
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømpriser og forbruk. Spar strøm, penger og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotpriser og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høy, prognose for kostnader og mye mer. Du kan også lage din personlige framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.