Kraftsituasjonen oppsummert - veke 26
Negative kraftprisar i heile Nord-Europa søndag.
(NVE): Forbruket i dei nordiske landa var framleis lågt denne veka, medan produksjonen tok seg opp. Dette skuldast i hovudsak mykje vindkraftproduksjon i Danmark for årstida. I helgen var det lågt forbruk og mykje sol og vind på kontinentet, som gjorde at store deler av Nord-Europa fekk null eller negative prisar i 17 samanhengande timer. Danmark (DK1) hadde timespriar ned i – 515 øre/kWh og Tyskland og Nederland – 586 øre/kWh.
Meir nedbør enn normalt og høgare import i helgen gjorde at den hydrologiske balansen styrka seg i Noreg.
Prisdifferansen mellom dei norske prisområda og nabolanda vart jamna meir ut samanlikna med førre veke og prisen gjekk ned i alle dei norske prisområda. I Midt- og Nord-Noreg låg den på 22 øre/kWh. I Sørlege Noreg låg prisen på om lag 67 øre/kWh i Aust-Noreg og Vest-Noreg, og 86 øre/kWh i Sørvest-Noreg.
Statistikk vassmagasin
Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 65,3 prosent. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 3,7 prosenteiningar.
I veke 26 var temperaturen 1 – 2 grader over vekegjennomsnittet for dei siste 20 åra i Sør-Noreg. I Nord-Noreg var temperaturen 3-4 grader over vekegjennomsnittet. For veke 27 er det venta temperaturar som er omkring vekegjennomsnittet (avvik +/- 1 grad) i hele Noreg.
For veke 26 er berekna tilsig 5,5 TWh, som er vekegjennomsnittet. I veke 27 er det venta eit tilsig på 3,9 TWh, eller om lag 80 prosent av gjennomsnittet for veka.
Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.