Kraftsituasjonen veke 47 2018
![Fjell, skyer og grønne jorder i Sel kommune Fjell, skyer og grønne jorder i Sel kommune](https://www.eidefoss.no/getfile.php/131725-1544002901/Bilder/Artikkelbilder/Str%C3%B8m/shutterstock_584444419.jpg%20%28content%29.jpg)
Forbruket auka kraftig grunna kulda. Frå veke 46 til 47 gjekk den gjennomsnittlege temperaturen ned med 8 gradar i Oslo, og det var ein tilsvarande reduksjon i temperatur i resten Norden.
Sidan mykje av oppvarminga i hushald i Noreg føregår med elektrisitet auka dette forbruket av kraft. Auken var på 19 prosent, noko som er ei stor endring på ei veke.Den kraftige auken i forbruket medverka til høgare kraftpriser, då meir produksjon måtte nyttast for å dekkje opp forbruket.