I veke 52 medverka mildvêr og juleferie til lågare forbruk, samstundes som vindkraftproduksjonen i Sverige og Danmark gjekk opp kraftig.

Mindre behov for regulerbar kraft bidrog til at systemprisen i Norden gjekk ned ti prosent frå veke 51 til veke 52, medan kraftflyten mellom Noreg og utlandet snudde frå nettoeksport til nettoimport.

Førebelse tall for 2018 visar at kraftforbruket i Noreg var 135,4 TWh, medan produksjonen blei 145,7 TWh. Kraftforbruket auka med 2,5 TWh frå rekorden i 2017, medan produksjonen sokk med 2,5 TWh. Nettoeksporten hamna på om lag 10 TWh, ned frå 15 TWh året før.