(NVE): I starten av veka kom uvêret Hans innover Søraust-Noreg etter å ha bevega seg over Sverige og Danmark. Uvêret gav vind og særs mykje nedbør, noko som gav stor flaum i delar av Aust-Noreg og høg uregulerbar kraftproduksjon i Norden. Dette bidrog til låge kraftprisar, med mykje negative prisar i start av veka. Alle prisområda i Norden fekk snittprisar under 10 øre/kWh for veka, bortsett frå Sørvest-Noreg som fekk ein snittpris på om lag 40 øre/kWh.

Fyllingsgraden for magasina i Noreg gjekk opp med 3,8 prosentpoeng til 77,6 prosent i løpet av veka.  I Aust-Noreg (NO1) var auken 12,5 prosentpoeng, som er rekordhøgt til å vere utanfor snøsmeltesesongen. Vasstanden i fleire magasin låg over høgaste regulerte vasstand, noko som førte til stort flaumtap. Magasinfyllinga på 102 prosent er historisk høgt i dette området. Tilsigsprognosen for Aust-Noreg i veke 33 er dobbelt så høg som normalen på denne tida av året.

 

Statistikk vassmagasin

Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 73,8 prosent. 

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.