(NVE): Forbruket auka i alle prisområda i Noreg i førre veke. Ein årsak til auka var at kraftintensiv industri i Sørvest- og Vest-Noreg (NO2 og NO5) starta opp att, etter ein periode med redusert forbruk. Temperaturane er no på eit nivå der det påverkar forbruket i større grad. Lågare temperaturar i alle prisområda kan difor ha bidratt til høgare forbruk til oppvarming i hushaldningane.

Kraftprisen i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) var sær låg også førre veke. I dessa områda er fyllingsgraden i mange kraftmagasin høgt, mange vasskraftverk hat lita reguleringsevne, og det var venta mykje nedbør veka etter. Alle desse forholda bidreg til lågare kraftpris.  Den 17. og 18. September var det 33 timar i strekk med negative prisar i Søraust- og Vest-Noreg.

Låg produksjon av vind og solkraft på kontinentet bidrog til høgare kraftprisar der og høg import frå Sørvest-Noreg (NO2). Også i førre veke hadde Sørvest-Noreg den høgaste kraftprisen i snitt. Vekeprisen var 79 øre/kWh.

Statistikk vassmagasin

Ved utgangen av veke 36 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 78,9 prosent. Fyllingsgraden for Noreg auka med 0,1 prosenteiningar førre veka.

Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk her.