NVE si oppsummering av kraftsituasjonen veke 11
![Elv omringet av skog og vårsnø som tiner. Elv omringet av skog og vårsnø som tiner.](https://www.eidefoss.no/getfile.php/138099-1680158722/Bilder/Artikkelbilder/Str%C3%B8m/shutterstock_1954756798%20%281%29.jpg%20%28content%29.jpg)
Låg nettoeksport.
(NVE): Mildare vêr i heile landet førte til ein nedgang i kraftforbruket førre veke. Kraftproduksjonen gjekk også ned, og i sum importerte Noreg nesten like mykje kraft som vi eksporterte. Vindkraftproduksjonen gjekk derimot opp, noko som bidrog til lågare kraftprisar samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen 108 øre/kWh, og i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var den høvesvis 57 og 45 øre/kWh.
Det nye kjernekraftverket Olkiluoto 3 i Finland starta opp igjen testproduksjonen på onsdag, etter ein periode utan produksjon. Kjernekraftverket, som har ein kapasitet på 1600 MW, skal etter planen vere i normal drift frå 17. april.
Fyllingsgraden i norske vassmagasin låg rett under medianen og var på 38,3 prosent førre veke.