(NVE): Kraftprisane i Nord-Europa fall ytterlegere i veka som gjekk. Vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var om lag 94 øre/kWh. I Midt -og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var kraftprisen høvesvis 54 og 35 øre/kWh. Lågare forbruk og meir vindkraft på kontinentet var viktige årsaker til prisnedgangen.

Periodar med mykje vind- og solkraft i Tyskland siste halvdel av veka ga timar med særs låge prisar nord på kontinentet. Mot slutten av veka auka også vindkraftproduksjonen sør i Norden, og bidrog til at prisane i Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) i nokre timar vart like låge som nord på kontinentet. Natt til laurdag var prisen heilt nede i 2 øre/kWh i Sørvest- og Søraust-Noreg. Flaskehalsar i nettet og god reguleringsevne i Vest-Noreg (NO5) gjorde at kraftprisen her ikkje vart like låg.

Noreg var nettoimportør av kraft for fyste gong på ti veker førre veke.