(NVE): Det var framleis kaldare enn normalt i førre veke, men noko mildare vêr enn veka før. Dette var med på å forklare at norsk kraftforbruk gjekk ned frå veke 17 til veke 18.  

Ein nedgang i gassprisen, kombinert med meir solkraftproduksjon bidrog til at kraftprisane på kontinentet gjekk ned sist veke. Solkraftproduksjonen var med på å trekke ned kraftprisane på dagtid, og ga Noreg tilgang på import  frå kontinentet i dei mest solrike timane gjennom veka. Dette bidrog til lågare norsk kraftproduksjon i veka som gjekk.

Fyllingsgraden i Noreg gjekk ned med 1,3 prosentpoeng til 26,5 prosent ved utgangen av førre veke. Magasinfyllinga ligg no 5,5 prosentpoeng under medianen. Det er venta at snøsmeltinga vil ta seg opp i løpet av inneverande veke.