(NVE): Sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) hadde nettoimport førre veke, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4)  hadde nettoeksport. Høg import i sør gjorde at Noreg i sum vart nettoimportør. God tilgang på rimeleg fornybar kraftproduksjon frå kontinentet bidrog til at vekesnittet for kraftprisar i sørlege Noreg vart redusert med 41 øre og enda på 165 øre/kWh. Midt- og Nord-Noreg hadde ein liten nedgang på høvesvis 1 og 3 øre, og fekk dermed same vekesnitt på 11 øre/kWh.

I helga fekk sørlege Noreg dei lågaste timesprisane hittil i år. Laurdag vart kraftprisen 6,6 øre/kWh midt på dagen, mot ein kraftpris på 184 øre/kWh seinare på dagen.  Solkraftproduksjon er normalt på sitt høgaste midt på dagen. Då det samtidig var godt med vindkraft i desse timane fall kraftprisen i fleire land på kontinentet. Vi observerer no oftare at Noreg får høg import av rimeleg kraft på dagtid, noko som kan gi eit tydeleg fall i kraftprisane.

Vedvarande uro i energimarknadane bidreg til store variasjonar og høg uvisse rundt både kraftprisane og brenselsprisane for tida. Russland sin invasjon av Ukraina og uvisse rundt konsekvensar av dette kan gje store utslag på prisane i energimarknadane framover.

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgrada i norske magasin 23,2 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 37,5 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,3 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 36,8 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 11,3 prosent.