(NVE): Kraftprisane auka i store delar av Europa førre veke, i stor grad drive av uvisse om tilgangen på  gass framover. Prisen på gass er no høgare enn nokon gong tidlegare. Dei høge gassprisane gav høgare kraftprisar i Europa, som igjen bidrog til å auke prisnivået i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5). Vekesnittet for kraftprisen i Sørvest-Noreg var 448 øre/kWh, ein auke på heile 96 øre frå veka før. I Søraust- og Vest-Noreg var kraftprisen høvesvis 325 og 313 øre/kWh, ein auke på 61 og 50 øre frå veka før.

 Både kraftproduksjonen, og forbruket i sørlege Noreg er for tida på eit lågt nivå. Førre veke gjekk forbruket litt ned, medan produksjonen gjekk litt opp. En større del av kraftproduksjonen i sør var vindkraftproduksjon, medan den totale vasskraftproduksjon gjekk noko ned i sørlege Noreg. NVE vedtok rapporteringskrav for ein del av vasskraftprodusentane i sørlege Noreg i juli. Ein oppsummering av rapporteringa kan lesast i rapporten under. Fyllingsgraden i sørlege Noreg under eitt auka noko førre veke.

Nord-Noreg (NO4) hadde førre veke ein gjennomsnittleg kraftpris på under 1 øre/kWh. Dette er lågaste vekespris for Nord-Noreg nokon gong. Fyllingsgraden i Nord-Noreg er nå nær historisk maksimum for denne veka. Midt-Noreg (NO3) hadde  førre veke fleire timar med kraftpris over 200 øre/kWh. Timane med høge prisar gjorde  at vekesnittet var 41 øre/kWh, meir enn ei dobling frå veka før. Lågare importkapasitet frå Nord-Noreg og periodar med låg vindkraftproduksjon bidrog til prisauken. I tillegg var enkelte vasskraftverk i Midt-Noreg ute for planlagt vedlikehald førre veke.

Rapporteringen vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Rapporten inneheld informasjon om produksjon og magasinfylling frå 10 vasskraftprodusentar i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5). Totalt er det data frå 63 vasskraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i Sør-Noreg.

Last ned rapportering fra produsenetene for veke 33 2022 (PDF, 563KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 32 var fyllingsgrada i norske magasin 68,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 78,9 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,4 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 89,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,1 prosent.

Les meir om vannmagasinstatistikk her.