(NVE): Noreg var nettoimportør av kraft førre veke. Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde nettoimport for andre veke på rad. Kraftproduksjonen i sørlege Noreg fall ytterlegare i veka som var, frå eit allereie lågt nivå samanlikna med dei siste ti åra. I Sørvest-Noreg (NO2) auka kraftproduksjonen med 100 GWh frå veka før, noko som hovudsakleg kjem av auka vindkraftproduksjon.

Vekeprisen i sørlege Noreg gjekk ned med 20 prosent, og var på 406 øre/kWh. Lågare europeiske brenselsprisar og høg vindkraftproduksjon i Sørvest-Noreg og Danmark bidrog til reduksjonen. Sørlege Noreg hadde framleis dei høgaste kraftprisane i Norden. Det er ein føresetnad for import at kraftprisane her er høgare enn i landa vi har utvekslingskapasitet med.

 Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka førre veke. I Nord-Noreg var vekeprisen 38 øre/kWh, noko som er 25 øre/kWh meir enn veka før. Vekeprisen i Midt-Noreg auka med 60 øre/kWh og var på 113 øre/kWh. Lågare vindkraftproduksjon i nord, auka kraftprisar i Nord-Sverige (SE1 og SE2) og meir tilgjengeleg eksportkapasitet til Nord-Sverige bidrog til høgare kraftprisar.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapportering fra produsenetene for veke 36 2022 (PDF, 566KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 36 var fyllingsgrada i norske magasin 67,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,1 prosenteiningar. Nord-Noreg (prisområde 4) hadde høgast magasinfylling med 90,5 prosent, medan Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 49,8 prosent.  
Les meir om vannmagasinstatistikk her.