(NVE): Førre veke var kraftproduksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) på nivå med veka før, og den er framleis godt under historisk minimum for denne tida av året. Ein større del av kraftproduksjonen kom frå uregulerbar vasskraft og vindkraft samanlikna med veka før. Dette, saman med auka vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet, bidrog til at vekeprisen i desse områda gjekk ned. Vekeprisen i sørlege Noreg var 254 øre/kWh, ein reduksjon på 95 øre/kWh samanlikna med veka før.

Sørlege Noreg var nettoimportør av kraft førre veke, for femte veke på rad. Samanlikna med veka før auka importen frå Danmark og Sverige, medan importen frå Storbritannia gjekk ned.

I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) auka kraftprisane. Midt-Noreg hadde i enkelte timar kraftpris på over 200 øre/kWh. Det skjedde i timar med forbrukstoppar tidleg på morgonen og på ettermiddagen kombinert med låg vindkraftproduksjon. Vekeprisen i Midt-Noreg var 64 øre/kWh. I Nord-Noreg var vekeprisen 33 øre/kWh.

Førre veke vart den dominerande retninga på kabelen til Danmark snudd. Det betyr at det no er full importkapasitet frå Danmark til Noreg og redusert eksportkapasitet frå Noreg til Danmark.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapportering fra produsentene for veke 39 2022 (PDF, 74KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgraden i norske magasin 69,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 82,6 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 1,5 prosenteiningar. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 87,2 prosent, medan Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 53,1 prosent.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.