(NVE): Kraftprisane fall i heile Nord-Europa førre veke. I sørlege Noreg fall kraftprisane med om lag 60 prosent, og gjennomsnittleg vekepris var 98 øre/kWh. Dette er den lågaste vekeprisen i sørlege Noreg hittil i år. Mykje nedbør og vind store deler av veka ga meir uregulerbar kraftproduksjon i Norden. Dette bidrog til at kraftprisane i både Noreg og resten av Norden stort sett var under 100 øre/kWh frå onsdag og ut veka. Enkelte timar onsdag og torsdag hadde alle dei nordiske prisområda nær nullpris. Noreg var nettoeksportør av kraft til Tyskland og Storbritannia, men nettoimport frå  Midt-Noreg, Sverige og Danmark bidrog til at sørlege Noreg totalt sett likevel var nettoimportør førre veke.

Mykje vind og tilsig bidrog til at kraftproduksjonen i sørlege Noreg auka i veke 40 samanlikna med veka før. Produksjonsnivået var framleis på eit lågt nivå for veka samanlikna med dei siste 10 åra. Det høge tilsiget ga ein auke i magasinfyllinga i sørlege Noreg med 5,4 prosenteiningar.  Det er sjeldan med ein så kraftig auke i løpet av ei veke på hausten.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsenter i sørlige Norge som sender inn rapporter med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data fra 63 kraftverk i disse rapportene. Disse kraftverkene har en samlet magasinkapasitet på 43,7 TWh, noe som utgjør 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlige Norge.

Last ned rapportering fra produsentene for veke 40 2022 (PDF, 78KB)

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgrada i norske magasin 73,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,0 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 87,9 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 59,1 prosent.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.