NVE si oppsummering av kraftsituasjonen veke 45
Høgare produksjon og nettoeksport frå sørlege Noreg.
(NVE): Kraftproduksjonen i Noreg auka førre veke. Etter mange veker med låg produksjon for årstida, var kraftproduksjonen i veka som gjekk på normalen for dei siste ti åra. Auken i kraftproduksjon hadde si årsak i mykje vind og nedbør. Dette ga høg produksjon frå vasskraftverk som ikkje hadde plass i magasina til å lagre vatnet til eit seinare tidspunkt. I starten av helga var det også særs mykje vind i heile Norden. Dette, i kombinasjon med billig vasskraft, bidrog til nullprisar i Noreg og negative prisar i enkelte timar i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4).
Vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda på 28 øre/kWh. Dette er den lågaste vekeprisen området har hatt sia 2020. Midt-Noreg og Nord-Noreg hadde vekepriser på høvesvis 23 og 16 øre/kWh. Prisane i dei forskjellige prisområda i Noreg låg dermed nærare kvarandre enn det dei har gjort på lenge.
Dei låge prisane medførte at Noreg hadde høg eksport til andre land der det var dyrare å produsere kraft og prisane var høgare. Både sørlege Noreg og Noreg som heilheit var derfor nettoeksportørar gjennom veka.
Vassmagasinstatistikk
Framover vil viktige endringar i vassmagasinstatistikken bli kommentert i bodskapet.
Les meir om vannmagasinstatistikk her.